Uførereforma – innlegg i Klassekampen av Arve Kirkevik

Innlegget under streken nedanfor står på trykk i Klassekampen i dag, måndag 8. desember 2014. Det er lagt ut her på hieronimus.org med løyve frå kronikk- og debattredaktøren i avisa.

-----------------------------------------------------------------------------------

Uførereforma og kompensasjonsordningar

I finansdebatten 1. desember kom SV med fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringen i revidert nasjonalbudsjett for 2015 legge fram en ny 10 årig kompensasjonsordning for de uføretrygdede som taper på skatteomleggingen til inntektsskatt og forslag til eventuelle nye skattefradrag og endringer i bostøtten som kan kompensere tapet ved omleggingen slik at trygdede har tilsvarende mulighet som i dag til å anskaffe og beholde bolig.»

Aller helst skulle det ha vore ei permanent kompensasjonsordning med 100 % kompensasjon for uføre med gjeld som taper på uførereforma, men SV sitt framlegg er likevel eit stort steg i rett retning, ikkje minst fordi dei òg tek med endring av bustøtta, som mange uføre vil få redusert eller missa heilt dersom ordninga ikkje vert tilpassa til auka bruttoinntekter som fylgje av uførereforma.

I regjeringa sitt opphavlege framlegg, var det berre ei overgangsordning med nedtrapping på tre år. KrF påpeika i sitt alternative statsbudsjett at dette kuttet i uføretrygda var i strid med uføreforliket, og dei føreslo at dette skulle koma opp som ei eiga sak i Stortinget. Dei fekk ikkje gjennomslag for dette i budsjettforhandlingane; det vart ei betring av overgangsordninga, men ho vart ikkje forlengd ut over dei tre åra.

Det er difor eit vonbrot at ikkje Ap og sentrumspartia røysta for SV sitt framlegg, som berre fekk 4 røyster.

Eg oppmodar SV om å ta opp att saka med jamne mellomrom, og eg vil utfordra Ap, Sp, Venstre og KrF til å tona flagg: Vil de røysta for varig og full kompensasjon for denne gruppa av uføre neste gong saka kjem opp i Stortinget, inkl. endring av bustøtta?

Det var jo den raudgrøne regjeringa som fremja uførereforma, som vart samrøystes vedteken i 2011. SV har no teke sin del av ansvaret for å rydda opp, med det ovannemnde framlegget i finansdebatten. Me bør i alle fall få vita kva partia vil gjera før valet i 2017. Eit minimumskrav til ei ny raudgrøn regjering må vera at dei reverserer alle skattekutt og kutt i velferdsordningar frå den blåblå regjeringa. Alternativet er ei svart økonomisk framtid for mange som har det vanskeleg nok frå før.

Arve Kirkevik,

Styremedlem i Informasjonssenteret Hieronimus

 

Artikkelategori: